Mindre midlar: NAV-leiar Line Natestad Solheim vedgår at dei har mindre midlar å bruka på arbeidsmarknadstiltak.

NAV kuttar i potten: - For oss handlar det om å prioritera kven som treng det mest

Grunna svært låg arbeidsløyse og mange tilgjengelege jobbar, har NAV kutta potten til arbeidsløysetiltak med 264 millionar.

Dei nasjonale nedskjeringane vart sette i verk frå i vår av. No byrjar ein å merka konsekvensane av dette i kommunane rundt i landet.

Os & Fusaposten har blitt kontakta av ungdomar som har fått nei til å jobba på såkalla arbeidsmarknadstiltak, altså med lønsmidlar dekte av NAV.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiar for NAV-kontoret i Bjørnafjorden, Line Natestad Solheim, stadfestar at dei oftare må seia nei til å stilla med lønsmidlar, og forstår at dette kan skapa frustrasjon.

— Me kan ikkje kommentera enkeltsaker utan fullmakt, men det er rett at færre får lønstilskot i desse dagar. Det skjer som følgje av nedskjeringar nasjonalt, og det faktum at me har ei historisk låg arbeidsløyse både på landsbasis og i Vestland fylke, seier Solheim.

Berre 1,6 prosent arbeidsløyse

I mai kutta regjeringa potten til arbeidsmarknadstiltak med 264 millionar kroner nasjonalt.

— Arbeidsmarknaden er historisk god, både i Vestland og elles i landet. Det inneber at fleire har moglegheit til å skaffa seg arbeid i den ordinære arbeidsmarknaden, utan at dei treng tiltak frå NAV, seier Solheim.

Ho viser til konkrete tal over den historisk låge lediggangen.

— I august i år var arbeidsløysa i Vestland fylke på historisk låge 1,6 prosent. Samstundes var det heile 3.500 ledige stillingar på marknaden, fortel Solheim.

Ho er klar på at kvart enkelt NAV-kontor naturleg nok må stramma inn når dei får mindre midlar til rådvelde.

— NAV sine tiltak er rammestyrte, altså finansierte av midlar som kvart fylke får tildelt av direktoratet For oss handlar det om å prioritera kven som treng det mest, forklarer NAV-leiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidsgjevar må ta ansvar

NAV-kontoret i Bjørnafjorden vil framleis kunna gje lønstilskot til personar som treng arbeidstrening, men med færre midlar, er det også færre som kan vera på slike tiltak.

— Personar med nedsett arbeidsevne vil bli prioriterte i NAV Vestland no, konstaterer Solheim.

Ho legg til at dei er opptekne av å ha ein god dialog og eit godt samarbeid med brukarane. Målet er å tilpassa bruken av tiltak ut frå brukaren sine behov i jakta på ein fast jobb.

— Lønstilskot kan vera eit godt tiltak for å hjelpa brukarar inn i arbeidsmarknaden, men når det er så stor kamp om arbeidskrafta som det er no, må arbeidsgjevarane sjølve vurdera om dei vil ta på seg eit større ansvar for å driva opplæring og tilrettelegging, seier Solheim.