Naut utsikta over solfylte Bergen
Buavdelinga ved Lurane fekk nyta byen mellom dei sju fjell i strålande sol.
- Denne gongen gjekk turen vår til Fløyen. Vi ble køyrd med drosje opp i tronge gater og smau. Vi fikk sett Torget, Bryggen og Sandviken. Deretter gikk turen til Fløyen, fortel Toril Øysteinsen.
Veret viste seg frå si beste side med strålande sol, og vel framme kunne bebuarane nyta den fantastiske utsikta over Bergen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det blei òg tid til kaffi og skillingsbollar før heimturen. Alle saman koste seg og naut opplevinga, fortel Øysteinsen.
Ho vil samstundes nytta høvet til å takke drosjesjåførane som alltid stiller alltid opp med smil og godt humør på turane til Lurane.
- Denne gongen venta sjåførane saman med oss, noko som gjorde at turen kunne gjennomførast.