Når politikarane ut til ungdomen?
Måndag 24. august var det skuledebattar ved Os Gymnas, og dei forskjellige partia var ute for å formidla lokalsakene sine. Men når dei eigentleg ut til ungdomen?
3. klassingane i Politikk og menneskerettar ved Os Gymnas vil fram mot 14. september gje oss si oppleving av lokalvalet gjennom eigenproduserte saker i Os og Fusaposten.
Valkampen blømer for fullt og politikarane er ute og sankar stemmer frå osingane. Men nådde dei eigentleg ut til ungdommen på måndagens skuledebatt?
Artikkelen held fram under annonsen.
Krangling
Ved skuledebatten for elevane ved Os Gymnas blei det, som det ofte blir, ein del krangling og fokus retta mot personar heller enn dei politiske sakene. Vi ville difor spørja nokre av politikarane om korleis deira parti når ut til ungdom og fyrstegongsveljarar, og om det er noko spesielt dei fokuserer på for å klare dette.
Jon Sivert Rykkel, som representerte Unge Venstre i debatten, meiner det er ei utfordring å nå dei unge.
- Det er gjerne fordi dei ikkje aktivt søkjer etter informasjonen om partia sjølve, slik som eldre veljarar i større grad gjer, sa Rykkel.
Han meiner også at skuledebatten heller ikkje er den beste arenaen for å nå ut til ungdomen, nettopp fordi denne typen debatt fort kan bli usakleg.
- Dette kan gjera at merksemda blir retta mot enkeltpersonar heller enn sakene dei skal formidla og diskutera, meinte Rykkel.
Sosiale medium
Då har Unge Venstre-politikaren meir tru på ei anna form for kommunikasjon, nemleg sosiale medium. Gjennom desse kan det vera at kommunikasjonen med ungdom blir enklare. Rykkel trur at sosiale medium kan vera den beste inngangen til å få fleire unge politisk engasjerte.
Synlege i valkampen
Representantane frå Sosialistisk Ungdom peikte på at det er viktig for partia å vera synlege i samfunnet. Dette ser ein tydeleg no i valkampen, der partia står med stand ulike stadar for å skaffa stemmer og formida politiske synspunkt. Dette fører gjerne til at ungdomen føler seg meir inkludert, noko som igjen kan skapa meir engasjement rundt politikken.
Representantane meinte også at andre måtar å nå ut til unge, som til dømes lesarinnlegg, er viktige for å fanga interesse og formidla partiet sine politiske synspunkt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fengja ungdomen
Eit anna viktig element for å fengja ungdomar, spesielt fyrstegongsveljarar, er å trekkja fram saker som fangar interessa deira.
Unge Venstre meiner at ungdomsbustadar og førstegongsetablering er viktige saker. Saker som er svært aktuelle for unge i dag.
Den andre saka dei meiner er særleg aktuell for ungdomen, er arbeidsplassar. Representantane frå AUF trekte fram det same, men la til at det var viktig å snakka om ikkje berre arbeidsplassar generelt, men også lærlingeplassar. Noko det i dag er for lite av i Os kommune.
Skulevalfridom
Christoffer Thomsen frå FpU trur skule og skulevalfridom er noko som vil fanga merksemda til veldig mange unge, ettersom dette er dagsaktuelt. Han nemnde også eldreomsorg og kollektivtrafikk som viktige tema for å nå ungdomen. Kollektivtrafikk og samferdsel var tema Sosialistisk Ungdom også peikte på som særleg ungdomsvenlege, saman med miljø, dyrevelferd og skulepolitikk.
Likt og ulikt
Dei ulike partia tenkjer altså både likt og ulikt om korleis ein skal nå ut til ungdomar, og kva for saker som vil engasjera mest. Dei ynskjer alle å vera synlege for dei unge som skal engasjerast, både gjennom nye og gamle medium, og dei prøver å fokusera på saker ungdomen kan relatera seg til.