Meteorologen meldar om ein sur og vindfull kveld i Os og Fusa tysdag.
Meteorologen meldar om ein sur og vindfull kveld i Os og Fusa tysdag.

Namnlaus guffen storm

Ei veke etter Urd er ein ny storm meldt til Vestlandet. Men kveldens kalde vindkast frå nord-vest har ikkje fått namn.

- Me har kome med eit obs-varsel, men me snakkar ikkje om storm av typen Urd. Den vestlendingane får kjenna på i kveld er svakare i styrke, om enn kaldare i temperatur, fortel vakthavande ved meteorologisk institutt i Bergen, Geir Ottar Fagerlid.

Berre i korte stundar vil det blesa opp mot storm. Difor er stormen også namnlaus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gufsen kveld

For osingar og fusingar vert det truleg verst ut på kveldinga i dag tysdag.

- Det blir kaldt og surt på kvelden. På det verste vert det vindkast opp mot 25 meter i sekundet, men utover natta vil det løya meir og meir. Onsdag føremiddag snakkar me om moderat bris, seier Fagerlid.

Temperaturmessig vert det jamt kaldare framover til og med torsdag.

- Onsdag og torsdag vil de ha ein plass mellom -3 og -5 kuldegradar. Fredag vil det igjen snu. Då kjem eit nytt lågtrykk og me vil få mildvêret attende, seier meteorologen.