Fungerande lensmann under leiteaksjonen, Jarle Matre, fortel at 71-åringen fall utfor ein skrent.
Fungerande lensmann under leiteaksjonen, Jarle Matre, fortel at 71-åringen fall utfor ein skrent.

Namnet til den omkomne turgåaren er frigjeve

Politiet gjekk i ettermiddag ut med namnet på den omkomne turgåaren i Fusa.

Det var Olav Vik Solheim, fødd i 1944, er mannen som omkom i Fusafjellet. Politiet i Fusa fekk i ettermiddag klarsignal frå familien til å gå ut med namnet.

Full leiteaksjon

Turgåaren drog på Fusafjellet frå Fusatun-sida klokka 14.00 søndag. Kring klokka 17.15 var han i kontakt med kona over telefon. Då sa han at han var på veg ned att frå fjellet, og at han rekna med å vera heime i 18-tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 21.00 vart politiet varsla om at mannen ikkje var komen heim. Med tanke på kulda og mannens høge alder sette dei i gang full leiteaksjon med det same.

Politiet, Røde Kors og hundar frå Norske Redningshundar deltok i leiteaksjonen. Eit Sea King-helikopter blei også kalla inn for å søkja frå lufta.

Fall utfor skrent

Søket heldt fram inn i natta utan at mannen blei funnen. I morgontimane måndag blei også Sivilforsvaret kalla inn for å bistå. I 09-tida fann Røde Kors-mannskap nokre spor i snøen, som leia fram til ein skrent. Nedanfor fann dei 71-åringen omkomen.

- Han har falle utfor. Me veit ikkje kva som er årsaka, seier Jarle Matre, som var fungerande lensmann i Fusa under leiteaksjonen.

Takksam til alle frivillige

Terrenget på funnstaden er bratt, så ei alpin redningsgruppe blei kalla inn for å bistå med å frakta mannen ned frå Fusafjellet.

- Den alpine redningsgruppa måtte hjelpa til grunna ulend terreng. Det gjekk etter læreboka, og dei fekk han ned frå fjellet, seier politioverbetjent i Fusa, Ove Ivarhus, som ønskjer å skryta av leitemannskap og frivillige.

- Det var mange som møtte opp for å hjelpa. Dei som kom og ikkje fekk jobb med ein gong, sette i gang med å laga mat til alle saman. Det var flott å sjå at så mange stilte opp for å hjelpa til.