Nærmar seg slutten på Solsiden-tvisten - for denne gong
Tvisten mellom Irisgården velforening og Solsiden AS har pågått i tre år. No ser det ut til å gå mot slutten, etter kommunens vedtak om at Solsiden må stengja uteserveringa klokka 23.00 frå 20. desember.
- Vi kan ikkje sjå noko grunn til at innehavar av Solsiden skal klaga til Fylkesmannen, då kommuneoverlegen i Os, Os kommune og Helsevernetaten i Bergen alle seier at nattklubben bør stengja uteserveringa klokka 23.00, seier ein talsmann for velforeininga og held fram:
- Vi er nøgde med at det endelege vedtaket samsvarer med varselet om vedtak. Vi hadde håpa at kommuneoverlegens innstilling i saka framleis stod ved makt, og nattklubben måtte stengja tidlegare inne også. For det er ikkje så kjekt med ein nattklubb i huset. Vi oppfattar rapporten frå helsevesenet som god, grundig og objektiv, men meiner òg at Os kommune burde fastslå at det ikkje bør vera nattklubb i huset i det heile.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kan dryga nokre månader
For dei som har følgt saka tett, kan det verka som at ein aldri kjem til ein konklusjon i saka. I følgje rådmann Christian Fotland, er vedtaket som no er gjort gjeldande.
- Om ikkje Solsiden AS klager til Fylkesmannen, så må nattklubben stengja uteserveringa klokka 23.00, seier han og held fram:
- Varselet som blir sendt ut er ei plikt etter Forvaltningslova. Det viser at vi har ein intensjon om å senda ut vedtaket. Før det blir sendt ut, har partane høve til å koma med innspel, som vi må sjå på. Vi ser på om det er moment i uttalelsane som gjer at vi må endra vedtaket eller ei. Vi har sett på det innehavar av Solsiden kjem med, og bestemt at vi opprettheld vedtaket. Først då kjem klageretten etter Forvaltningslova inn i biletet. Det er høve til å klaga til Fylkesmannen innan tre veker. Om dei vel å gjera det, går det ein ny prosess, som kan ta månadsvis. Dette er offentleg byråkratisk saksgang. Vi må gjera alt rett, seier Fotland.
Ingen kommentar
Kommuneoverlege Jon Vangdal Aamaas sendte i september ut førehandsvarsel om at Solsiden måtte stengja uteserveringa klokka 23.00 og at klubben måtte stengja seinast klokka 01.00. Dette vedtaket blei trekt tilbake av rådmannen, som såg behov for ei objektiv vurdering, og sendte saka til Helsevernetaten i Bergen. Fotland ønskjer ikkje å uttala seg om resultatet av den objektive partens vurdering i saka.
- Eg er ikkje fagperson på dette området, så eg vil ikkje meina så mykje om resultatet. Alle undersøkingar er gjort, og for meg framstår det som veldig grundig og profesjonelt.
Innehavar av Solsiden AS, Tore André Sagstad, ønskjer på noverande tidspunkt ikkje å uttala seg om han vil klaga til Fylkesmannen.
- Eg er i tenkjeboksen, og førebels vel eg å seia at eg ikkje har noko kommentar, seier han.