Grafen på vasstanden i Osvassdraget fauk til topps tysdag morgon.
Grafen på vasstanden i Osvassdraget fauk til topps tysdag morgon.

Nær femårsflaum-måling

Det var ikkje noko lystig å sjå vasstand-målinga frå Røykenes tysdag morgen, men flaumvarslaren på NVE kan roa osingane med at vasstanden vil synka utover dagen.

Dei som trudde det hadde vore mykje nedbør i juli fekk seg nok ei aha-oppleving i går og i dag. Nedbørskranane over Vestlandet har stått på vidt gap, og verst har det vore sør for Bergen.

- Os er nok blant dei plassane det har regna mest. I går kveld og i natt var det enorme mengder med regn, men utover dagen i dag vert det meir bygevêr. I morgon kan det til og med koma opphald, seier hydrolog ved flaumvarslinga til NVE, Tommy Skårholen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grensa for flaumvarsel er 68,6 kubikk vatn, i morgontimane tysdag viste målaren for Røykenes 80,1. Det vil seia at ein er på nivå med Fem-årsfaum.

- Det er nok rimeleg høg vasstand enkelte plassar på Røykenes og nedover Osssdraget, men for vestlandstader som dette er det ikkje så uvanleg, og terrenget rundt toler det betre. Hadde dette vore på Austlandet ville det nok vore meir oppstyr og konsekvensar for husstandar nær vassdraget, seir Skårholen.

Mindre trykk

Mykje av vatnet som kjem nedover Osvassdraget kjem som kjent frå Dyrdalsvatnet på Gullfjellet. Også i området over der ser det betre ut no.

- Eg ser på målestasjonen vår over Dyrdalsvatnet at vass-standen er i ferd med å stabilisera seg. Dermed vert det også mindre trykk på Osvassdraget, seier Skårholen.

På Yr.no varslar dei 0-1,1 millimeter nedbør over Os onsdag. På biletet har dei til og med kosta på seg ei lita sol, så utsiktene er unekteleg betre enn det utrøystelege regnvêret me har i dag.