Nådde nye høgder med 999 turar
Konkurranseinstinktet vart vekka blant bebuarane ved Luranetunet då det blei invitert til toppturkonkurranse i sommar. Måndag blei dei ivrigaste premiert med kake.
Konkurransen starta 1. juli og varte til 1. september. På dei to månadene gjekk bebuarane tilsaman 999 turar.
Turane har gått mellom dei ulike avdelingane ved bu- og behandlingssenteret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Der har bilete av seks fjell vore plasserte ut saman med turbøker til å skriva seg inn i.
Den avdelinga som gjekk flest turar vart lova ei stor kvit dame og ei fruktkorg.
I dag var det premieseremoni med utdeling av diplom og den lova premien til behandlingsavdelinga, som har hatt dei aller ivrigaste turgåarane.
- Eg har kjøpt den største kaka eg fekk fatt i her i Os, og fått den frakta med varebil hit til avdelinga, sa aktivitetskoordinator for Os kommune, Grete Byrkjeland under premieseremonien.
Ho skrytte av alle dei ivrige deltakarane før ho delte ut diplom og lét dei smaka den søte premien.
På tur med "kameraten"
Den som fekk æra av å spretta kaka var ei av dei ivrigaste turgåarane, Agnes, som berre er få månader unna 90 år.
Ho har hatt stor glede av toppturprosjektet.
- Forandring på dagane kjens bra. Eg kan ikkje strikka og lese så godt etter at synet vart dårleg, då har det vore godt å gå desse turane, fortel Agnes.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men eg må ha med han kameraten min som eg kallar han, seier ho kjekt og nikkar mot rullatoren sin.
I tillegg har ho gått ein del saman med Ruth Hjelle.
- Ho har vore lett å be, fortel Agnes.
Møtte gamle kjende
Turgåinga har ført til at enkelte bebuarar og pasientar som tidlegare har vegra seg for å gå tur eller delta på forskjellig anna, har blitt lettare å få med både på andre, litt lengre turar og på slikt som bingo og song med "Luraneslåtten".
Fleire har også blitt betre kjent med dei andre avdelingane enn si eiga, noko som til og med har ført til hyggelege gjensyn.
- Vi har hatt bebuarar som har møtt gamle kjente på ei anna avdeling, folk dei ikkje har sett på årevis. Då kjem dei jo "aldri" tilbake frå tur, fortel helsefagarbeidar Anne Brattholmen med eit lurt smil.
Dei eldre har hatt god effekt av treninga også.
- Eg gjekk mykje før, men kjenner jo at eg er stiv no, så det er godt å røra seg. Eg må ha meg ein tur gjennom gangen og få trim kvar dag, seier Agnes som håper det blir fleire slike aktivitetar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Minne frå Møsnuken
Bebuarane har vore flinke til å gå sjølve, men også å ta med seg andre pasientar på tur.
- Dette skal vi vinna, sa dei, og kjente at dei representerte avdelinga og ville vera flinke, fortel sjukepleiar Anette Lyssand.
- Aktiviteten har heilt klart styrka fellesskapskjensla, legg Anne Brattholmen til.
Turane har gått til dei fleste tider på døgnet og ekstra mykje i helgane når det er mindre fast program.
Fjella ein kunne toppa på Lurane i sommar var: Lyshornet, Svinningen, Liafjellet, Møsnuken, Rødsfjellet og Borgafjellet.
Erling Hjertholm har nettopp smakt på den gode kaka, og er godt nøgd med premien. Konkurransen har også brakt fram gode minne.
- Det er flott på Møsnuken, seier han.
- Eg har faktisk overnatta i telt der oppe ein jonsokaftan, saman med kona. Ho og eg gjekk mykje turar før, særleg ho var ivrig på å gå til fjells, fortel han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hjertholm syns det har vore eit artig og inspirerande prosjekt.
- Det er kjekt å få med seg alle, seier han.
Skapte engasjement
Ideen til det heile var det aktivitetskoordinator for Os kommune, Grete Byrkjeland, som kom opp med, etter inspirasjon frå andre turprosjekt ho hadde høyrd om
- Vi ville gjera noko enkelt, noko som alle kunne vera med på, og relatera det til noko som er populært for mange. Her er mange liv som er levd og fleire som har gått mykje tur i si tid, seier ho.
Det å skriva seg i ei turbok har dei fleste som har gått nokre toppturar nært kjennskap til.
- Vi har merka mykje engasjement rundt turane, dei har sete ved middagen og snakka om "kor har du vore i dag då? På Møsnuken?" fortel ei engasjert Byrkjeland.
Konkurransen vart gjennomført i ein periode med mange ferievikarar på jobb. Det enkle opplegget gjorde det lett for ferievikarane å gjennomføra. Med på kjøpet fekk dei seg mange gode samtalar under turane, slik vart dei betre kjende med kvarande - bebuarar og tilsette.
Personalet har vore aktive og hjelpt dei som treng det med å skriva seg i bøkene. Enkelte har også gått med sine pårørande.
Artikkelen held fram under annonsen.
Turglede for Olav og Alvhild
Det har vore greitt at turane ikkje treng vera så lange, men er innan rekkjevidde for dei fleste.
Olav på 90 og kona Alvhild på 87 har også kost seg med å gå mange turar i sommar. Olav har dytta rullestolen med Alvhild i.
- Eg liker å gå tur med henne og no har vi gått lenger enn vanleg, seier Olav.
Han har gått ein del på Liafjellet gjennom åra, sjølv om det er eit anna element som har vore hans favoritt.
- Eg var alltid på sjøen eg, og då var Alvhild også med.
Eit mål var å få bebuarane til å røra meir på seg og når turen fekk eit mål vart det straks meir inspirerande enn å traska mållaust rundt i gangane.
- Aktiviteten kunne gjennomførast når som helst, også midt på natta om nokon vart rastlause då, seier Byrkjeland, som meiner det er eit stort pluss.
Ho fortel at leiinga alt har etterspurt ei gjentaking av turprosjektet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det blir i alle fall ny runde neste sommar, men kanskje før også, vi får sjå, seier aktivitetskoordinatoren.