Lysefjorden mikrobryggeri på den raude løparen.
Lysefjorden mikrobryggeri på den raude løparen.

Nådde NESTEN heilt til topps

I helga gjekk finalen av Det Norske Måltid av stabelen på Gastronimisk Institutt i Stavanger. Lysefjorden mikrobryggeri var ein av tre finalistar i kategorien Årets Tradisjonsøl, men diverre blei det med finaleplassen i år.

- Me hadde aldri venta at me skulle nå så langt. Me hadde eigentleg ikkje planar om å tevla i konkurransen. At me kom heilt til finalen er ein siger i seg sjølv, seier sals- og marknadsansvarleg, Camilla Brekke Dalland.

Høg kvalitet

Dei tre finalistane var Lysefjorden mikrobryggeri, Sundbytunet og Grim & Gryt. Sistnemnde gjekk av med sigeren med ølet 6060.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me unner dei å vinna. Dei er eit lite bryggeri, og dei er på mange måtar lik oss, seier Brekke Dalland og legg til:

- Dommarane sa at kvaliteten på norske produkt aldri har vore så høg som no, og at dei synest at det var vanskeleg å velja vinnarar, seier Brekke Dalland.

Lansert på polet same dag

Lysefjorden mikrobryggeri er stolte av året som er gått, og til neste år har dei planar om å brygga eit øl som går heilt til topps i den gjeve konkurransen.

- Det er litt tidleg å lansera planane for året, så de må me koma attende til, seier Brekke Dalland og legg til:

- Det var utruleg kjekt i helga. Til neste år går me for å vinna.

Same dag som finalen gjekk av stabelen, blei finalist-ølet, Slaget på Vågen, lansert på polet.

- Det var litt tilfeldig, men det gjorde berre at det blei ein endå større dag for oss i bryggeriet.