Mytologisk på Hatlestrand
I helga blir det mytologifestival i nabokommunen.
Av programmet går det fram at den verdskjente arkeologen og forfattaren Michael A. Cremo opnar festivalen med føredraget "Forbode arkeologi" og syner ein film om fenomenet kornsirklar. Birgitte Bakke spelar magisk musikk.
Laurdagen skal Lundarvegen opnast i nærver av Terje Natland frå landbrukskontoret/fylkesmannen og ordførarkandidat for Miløpartiet Dei Grøne, Arne Gjerde. Her blir det også marknad, leikar, mat og dans. Om kvelden blir det konsert med mellom anna Matangi & DJ, vokalist frå Ølve med band.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eldre enn me trur
Personen bak heiter Knut Johannes Nerhus. Det er fjerde året festivalen går av stabelen.
- Mytologi handlar om danningshistorie: Myter kjenner me frå norrøn gudelære, men er noko ein finn over heile verda. Dette er forteljingar som har ei kjerne av sanning, meiner Nerhus.
Temaet i år er «Frå arkeologi til realitet». Den amerikanske føredragshaldaren har gått grundig til verks i si 900-sider bok om emnet.
- Vanlegvis kan det ein finn under utgravingar daterast og setjast inn i ein historisk samanheng. Men somme gonger oppdagar ein ting som ikkje passar inn i samanhengen.
Nerhus trur ein har mykje spennande i vente. Festivalen satsar heller på kvalitet enn å femna alle. Dette er først og fremst for dei som er interesserte i mytologi, historie og natur. Men alle er sjølvsagt hjarteleg velkomne, seier festivalleiaren.
- Me har alle eit bilete av korleis isen trekte seg tilbake. Men kva skjedde før dette? Eg trur historia om mennesket er mykje eldre enn me trur, avsluttar Nerhus.