Klar for båttur i Søre Øyane. Frå venstre står fylkesleiar i MDG, Tom S. Tomren, leiar i Folkeaksjonen mot Bru i Bjørnefjorden, Knut Børgesen, stortingsrepresentant for MDG, Rasmus Hansson, lokallagsleiar i Os MDG, Nils-Anders Nøttseter og styremedlem i NBB, Marie Hauge.
Klar for båttur i Søre Øyane. Frå venstre står fylkesleiar i MDG, Tom S. Tomren, leiar i Folkeaksjonen mot Bru i Bjørnefjorden, Knut Børgesen, stortingsrepresentant for MDG, Rasmus Hansson, lokallagsleiar i Os MDG, Nils-Anders Nøttseter og styremedlem i NBB, Marie Hauge.

- Motorvegtankegangen er utdatert

- Me er inne i eit viktig tidsskilje no. Me må sjå på andre og meir klimavenlege måtar å transportera folk og gods på enn å byggja nye motorvegar, sa stortingsrepresentant Rasmus Hansson frå MDG då han var på ein kort visitt i Søre Øyane onsdag.

Wenche M. Eriksen

wenche.eriksen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Hansson var invitert med på ein båttur saman med lokale representantar for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Os og Folkeaksjonen mot Bru i Bjørnafjorden. I tillegg til leiaren i Os MDG, Nils-Anders Nøttseter, stilte vararepresentant Atle Kvåle og fylkesleiaren Tom Sverre Tomren saman med to representantar frå Folkeaksjonen mot Bru over Bjørnefjorden, leiaren Knut Børgesen og styremedlem Marie Hauge. Turen skulle leggjast om Røttingafluo der Statens vegvesen har signalisert at dei vil byggja ei kunstig øy, som eit springbrett for å kunna føra motorvegen ned i tunell under Søre Øyane og fram til Moberg.

E16 framfor E39

Me får ein kort samtale med MDG-politikarane og dei lokale brumotstandarane før dei går om bord i skøyta.

- MDG vil prioritera ei sikring og opprusting av vegen mellom Bergen og Voss, framfor det gigantiske Hordfast-prosjektet. Det har vore mykje snakk om E16 etter alle rasa som har gått, og eg er litt overraska over at Vestlands-politikarane ikkje har sagt klart ifrå om at dei vil prioritera E16 framfor E39, seier fylkesleiar Tom S. Tomren.

Vestlandsrevyen var på plass for å følgja Rasmus Hansson ut i Os-skjergarden samam med lokallagsleiar i Os MDG, Nils-A. Nøttseter, leiaren i FMBB, Knut Børgesen, fylkesleiar i MDG, Tom Tomren og Gunnar Kvåle frå MDG lokalt.
Vestlandsrevyen var på plass for å følgja Rasmus Hansson ut i Os-skjergarden samam med lokallagsleiar i Os MDG, Nils-A. Nøttseter, leiaren i FMBB, Knut Børgesen, fylkesleiar i MDG, Tom Tomren og Gunnar Kvåle frå MDG lokalt.
Ferda går mellom anna til Røttingafluo, der Statens vegvesen vurderer å laga ei kunstig øy av massane frå tunellen dei vil laga under Søre Øyane og fram til Moberg.
Ferda går mellom anna til Røttingafluo, der Statens vegvesen vurderer å laga ei kunstig øy av massane frå tunellen dei vil laga under Søre Øyane og fram til Moberg.

Han etterlyser fleire alternativ til ferjefri E39, og ein mykje breiare analyse av prosjektet. - Her har svara kome før spørsmåla, seier han.

- Har du ein pengesekk, så må du bestemma deg for kva du vil kjøpa først, legg han til.

Hordaland MDG hadde 164 medlemmer ved valet i 2011, og Tom S. Tomren vart den første og einaste fylkestingsrepresentanten for Miljøpartiet. No har partiet seksdobla medlemstalet, og trur sjøv at dei vil gjera eit brakval til hausten.

- I denne veka kunne me registrera 1032 medlemmer, og me kjem til å stilla lister i 22 kommunar i år. Eg trur Nils-Anders vil få følgje av to til frå Miljøpartiet i Os, tippar fylkesleiaren.

- Går så det susar utan E39

- Ein høyrer ofte argument om at næringslivet og leverandørindustrien må ha denne motorvegen for å vera konkurransedyktige i framtida, men næringslivet på Vestlandet går så det susar - også utan ferjefri E39, meinte Rasmus Hansson.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han peika vidare på at det ikkje er oljesektoren som vert hovudnæringa i framtida, og syntest ikkje det er ein god idé å bruka over 200 milliardar kroner på eit vegprosjekt som i stor grad er basert på ein industri som er på veg ut. Hansson meinte at ein heller må satsa meir på maritim aktivitet, som å byggja og drifta ferjer.

- Vegen står faktisk i fare for å stengja Vestlandet ute frå havet. Og kva vil skje med indre delar av Vestlandet når E39 står ferdig? spurte han.

- Det er ei lita gruppe med næringslivsinteresse, m.a. frå Stord, som har pressa på for å få dette prosjektet i hamn. Dei har klart å skapa eit inntrykk av at dette er mykje breiare fundert enn det det faktisk er, supplerer Tom S. Tomren.

- E39 er litt forhasta, og det har vore eit stort politisk press for å få det gjennomført, legg Nøttseter til.

- Treng nye løysingar

- Skal Os fortsetja å vera ein føregangskommune og visa handlekraft, så må me også byrja å ta den nye tida inn over oss. Den gamle motorvegtankegangen er for lengst utdatert. Me treng nye løysingar i framtida, sa Marie Hauge frå Folkeaksjonen mot Bru over Bjørnafjorden.

Hauge var svært glad for drahjelpa aksjonsgruppa no får frå MDG.

- Motstanden vår er blitt forsøkt bagatellisert. At det no kjem ein stortingsrepresentant og seier at dette er eit stjerneeksempel på gamaldags samferdslepolitikk, stadfestar det me har sagt heile tida. Dette er med på å gi oss ny giv, smiler ho.