Frakta til Haukeland etter krasj
Truleg ikkje kritisk skadd.
Like før klokka ni fredag melde politiet at ein motorsykkel hadde krasja med ein bil i Irgenskrysset nær Spar Nore Neset.
Politi og ambulanse kom til staden, og føraren vert sett til av helsepersonell.
Artikkelen held fram under annonsen.
Føraren var skadd, men medviten, og skal vera frakta til Haukeland Universitetssjukehus i ambulanse
Det er truleg ikkje snakk om alvorleg/kritisk personskade, opplyser operasjonsleiar Tore Andre Brakstad.
Politiet på staden kunne opplysa at det var éin person i bilen. Det er ikkje mistanke om rus for nokon av dei involverte.
Den fyrste halvtimen etter ulukka var det trafikale utfordringar på staden.
Kl. 9.20 var vegen open for fri ferdsel att.