MC-førar køyrd til legevakt etter kollisjon
Det er meld om ei ulukke på Fanafjellet torsdag morgon.
Vest politidistrikt melde torsdag morgon klokka 07.25 at ein motorsykkel skal ha køyrd inn i ein bil. Dette skal ha skjedd på Fanafjellet på Nordvik-sida.
Føraren av motorsykkelen skal vera lettare skadd og vedkomande var bevisst etter ulukka.
Artikkelen held fram under annonsen.
Oppdatert:
Motorsyklisten er køyrd til legevakt for sjekk. Det er ikkje mistanke om ruskøyring, opplyser politiet.
Det blir oppretta sak.
Fanafjellsveg 5158 går mellom Drange i Bjørnafjorden kommune og Fana i Bergen kommune. Det har nyleg vore utført arbeid på vegen som gjorde at fylkesvegen måtte stengja i vel seks veker.