Steinar Harila har fått fleire utmerkingar for sitt diakolanel arbeid.  - Om eg kunne, ville eg ha hengt medaljane på Jesus, seier han sjølv.
Steinar Harila har fått fleire utmerkingar for sitt diakolanel arbeid. - Om eg kunne, ville eg ha hengt medaljane på Jesus, seier han sjølv.

Møteveke i Os kyrkje

Komande veke vert det møteveke med evangelist Steinar Harila i Os kyrkje.

Frå og med måndag 8. september vert det møter kvar kveld i Os kyrkje. Det er fyrste gongen Steinar Harila kjem til Os. Harila er ein av dei mest kjende evangelistane i Noreg og har forkynt evangeliet i meir enn 50 år.

Russland

Harila driv hjelpeorganisasjonen «Hjelp til Russland». Eit arbeid han fekk Kongens fortenestemedalje i sølv for i 2011.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den vesle organisasjonen har gjort eit imponerande arbeid for fattige i Vyborg/St.Petersburg-området. Her er det bygd opp ein barneby med barneheim, barnesanatorium og bedehus. Vidare har dei fått utbetra fleire fengsel og bygd opp eit diakonalt arbeid for heimlause og prostituerte.

- Steinar Harila har eit stort hjarte for sine medmenneske og står for ei varm og ekte forkynning, seier soknerådsleiar Per Torgeir Nilsen og ynskjer alle varmt velkomne til Os kyrkje komande veke.