- Vi trur sjømatindustrien kan vera ei viktig fornybar næring som kan ta over for olja. Men då må næringa veksa mykje. Og før det skjer må dei løyse problema og visa at dei tar utfordringane sine på alvor, seier Nina Jensen.
- Vi trur sjømatindustrien kan vera ei viktig fornybar næring som kan ta over for olja. Men då må næringa veksa mykje. Og før det skjer må dei løyse problema og visa at dei tar utfordringane sine på alvor, seier Nina Jensen.

Møter oppdrettsnæringa på Solstrand

Nina Jensen (WWF) vil be oppdrettsnæringa gå saman om å løysa problema dei har når ho kjem til Solstrandkonferansen i morgon.

Fredag arrangerer den verdsleiande fiskefôrprodusenten EWOS Norge sin tradisjonsrike Solstrandskonferanse. Her samlar dei store delar av oppdrettsnæringa i sør-vest-Noreg.

Fleire føredragshaldarar med tung kompetanse frå næringa står på programmet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg har dei invitert naturvernar og generalsekretær i WWF, Nina Jensen.

- Vi treng to planetar

Jensen har mastergrad i marinbiologi, og har jobba i WWF siden 2005, mellom anna to år som leiar av havmiljøavdelinga der.

Ho er også er kjent som søstera til finansminister Siv Jensen.

- Eg vil snakka om kva tankar vi her i WWF gjer oss kring berekraftig matproduksjon, oppdrett og fiskefor, fortel Nina Jensen.

Vidare påpeikar ho at det innan 2050 vil vi bli nærare 10 milliardar menneske på planeten.

- Og alt i dag er over 1 milliard menneske underernært. Vår fremste oppgåve blir derfor å sjå til å løysa dette på ein berekraftig måte, seier Jensen.

WWF er oppteken av å sjå det store biletet.

- Vi må sjå på korleis det står til med heile planeten vår. Forbruket er for stort. Derfor må vi tenkja smartare, både når det gjeld produksjon og det vi skal eta. Vi treng to planetar om vi skal halda fram som vi gjer no.

Artikkelen held fram under annonsen.

50 prosent har forsvunne

Jensen fortel at WWF har rekna ut at nærare 50 prosent av dyrelivet i havet har forsvunne i løpet av vår levetid.

- Korallreva er truga og mange har alt forsvunne. Klimaendringane kan få stor effektar som ofte blir gløymde. Havforsuring og høgare temperatur, vil leggja ytterlegare press på livet i havet. Dette må vi gjer noko med, seier Jensen.

Ho opplyser at WWF meiner det er mogleg å snu dette biletet.

- Dette kan vi gjera mellom anna ved å produsera og forbruka smartare, seier ho.

Oppdrettsnæringa har brukt mykje marine råvarer henta frå vill fisk for å produsera fiskefor. Noko som fører til at enkelte fiskeartar i dag er truga, eller har forsvunne.

I tillegg har soya frå regnskogen i Brasil vore mykje brukt.

- Her er det viktig at næringa ser etter gode alternativ. Kan vi bruka insektsmel? Alger? Dette blir det forska mykje på, men det er viktig å koma eit steg vidare.

Vil vita kva dei har i fisken

Jensen vil også adressera næringa om det ansvaret dei har for å hjelpa forbrukaren å velja smartare.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er viktig med openheit om korleis maten er produsert. Forbrukaren må oppleva at maten er godt merka i butikken, så dei veit kva dei får og kan ta smarte, bevisste val. Næringa må bruke sunnheit og berekraft som salsfortrinn, seier Jensen, som også vil koma med konkrete krav WWF meiner må på plass.

- Vi må få vita kva EWOS og dei andre produsentane har i fisken sin. At dei har ein policy på berekraft, og kva slags innkjøpskrav dei har. Bidreg dei til avskoging, eller ikkje? Forsikrar dei seg om at det dei kjøper inn for å produsera foret sitt ikkje bidreg til å øydeleggja økosystemet?

Samarbeider for betre næring

WWF opplyser på sine heimesider at dei er positive til oppdrett som ei av næringane som kan ta over etter olja. Men dei er også svært opptekne av dei problematiske sidene ved næringa, som mellom anna rømt fisk, lakselus, press på ville fiskebestandar og forureining.

Samtidig har organisasjonen eit nært samarbeid med verdas største produsent av oppdrettslaks, Marine Harvest.

Målet med dette samarbeidet er at selskapet skal redusera og minimera det økologiske fotavtrykket som deira lakseoppdrett medfører.

Marine Harvest har derfor forplikta seg til 100 prosent berekraftig produksjon innan 2020.

- Vi trur dette vil føra til at også andre oppdrettsselskap vil følgje etter, seier Nina Jensen.

- Vi trur sjømatindustrien kan vera ei viktig fornybar næring som kan ta over for olja. Men då må næringa veksa mykje. Og før det skjer må dei løyse problema og visa at dei tar utfordringane sine på alvor, seier Jensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho opplyser at WWF meiner næringa treng samla seg til ein stor dugnad.

- Dei må gå saman og ein gong for alle finna dei løysingane som verkeleg hjelper. Nye teknologiar som stoppa rømmingar. Kanskje meir lukka system i sjøen, for eksempel, føreslår Jensen, som vil oppmoda næringa om å verkeleg ta tak i desse problema når ho møter dei på Solstrand i morgon.