Maren Ognøy, Malin Skulstad Størksen og Christiane Kronstad Gjertsen.
Maren Ognøy, Malin Skulstad Størksen og Christiane Kronstad Gjertsen.

MOT til å gleda

Måndag morgon fekk «Os og Fusaposten» hyggjeleg vitjing av MOT-elevar frå Os ungdomsskule. Jentene vil spreia litt glede.

Os kommune har vore ein MOT-kommune sidan 2006. Organisasjonen har også direkte samarbeid 300 ungdomsskuler i landet. Mellom anna begge ungdomsskulane i Os.

- Me er 12 MOT-representantar på Os ungdomsskule. I dag er me ute og spreiar glede til folk i Os, fortel Maren Ognøy, Malin Skulstad Størksen og Christiane Kronstad Gjertsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

MOT-gruppa var delt i to for dagen.

- I dag er det MOT og glede-dagen. I samband med det med det deler me ut pepar-kaker og fortel folk om organisasjonen og arbeidet den står for, seier jentene.

Då dei var innom lokalavisa hadde dei vore på Rådhuset. Sidan skulle dei besøka alle butikkane i sentrum, samt Kyrkjetunet.

Marit Tøsdal Hennes og resten av medarbeidarane i lokalavisa takka høfleg ja til pepar-kake-tilbodet.
Marit Tøsdal Hennes og resten av medarbeidarane i lokalavisa takka høfleg ja til pepar-kake-tilbodet.

Haldningsskapande arbeid

For uinvidde er MOT altså ein haldningsskapande organisasjon som jobbar for å styrkja ungdom si evne til å stå imot, ikkje lata seg påverka av press og våga å seia nei. Organisasjonene vart starta av Atle Vårvik og Johan Olav Koss i 1997. Den gong med hovudfokus på kampen mot narkotika.