Modular til 1.000
Torsdag kom dei 10 første modulane til nybygget på Ravneberghaugen rehabiliteringssenter. Tilbygget vert totalt på 1.000 kvm.
Parallelt med utvidinga på nordaust-sida av senteret kjem det også eit påbygg til treningsavdelinga på vestsida.
- Totalt utvidar me med 1.120 kvm. Det blir fantastisk, jublar dagleg leiar Ranveig Klingsheim.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lita feiring
Det eksisterande bygget er på 1.500 kvadratmeter. Men langt frå all plassen er i bruk til dagen.
- Det er mykje kjellarrom og slikt som me ikkje bruker. I så måte får me ei kjensle av at me doblar arealet ved denne utvidinga. Det vert ein ny vår både for pasientar og tilsette, seier Klingsheim.
Då første modul kom på plass torsdag morgon, måtte dei berre feira litt.
- Me har venta så lenge på dette, så det var litt spesielt. I lag med hovudentreprenør Malthus AS og transportleiaren hadde me ei lita markering, om ikkje anna, så berre for oss sjølve, ler den dagle leiaren.
Trafikerte torsdagar
Bedrifta som leverer modulane er dei same som leverte til Borgafjell barnehage for eit par år sidan. Selskapet held til på Hamar.
- Modulane blir tilkøyrt i dag, dei to neste torsdagane, før siste sending kjem tysdag 24. november. Det vert nok litt tungtrafikk på Stølsvegen desse dagane, åtvarar Klingsheim.
Totalentreprenøren ventar totalt 41 modular. Arbeidet med å setja dei saman tek dei etter kvart.
- Det går fort dette. Medan me plasserer ein, set me i gang med å støypa ny ringmur og gjer klar for neste. Dette har me gjort mange gonger før. Utfordringa på Ravneberghaugen er at det er så dårleg med plass der ute, at me må ha denne "mellom-landinga" her på lasteplassen på Thuen, fortel byggjeleiar i Malthus AS, Steinar Bårtvedt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dersom alt går som planlagt, vert firmaet ferdig med arbeidet, og har ferdigbygd det to etasjers-høge nybygget, innan midten av mars 2016.
Rikeleg med plass
Per i dag jobbar det 55 personar på Ravneberghaugen rehabiliteringssentar. Med det nye tilbygget kan senteret ta imot fleire pasienter og samstundes gje dei betre fasilitetar.
- Når dette står ferdig, får me åtte nye pasientrom, fleire kontor, personalrom og garderobe, daglegstove for pasientar, legekontor, rom for ergoterapi behandlingsrom og mykje meir. Det blir ein ny kvardag for oss alle, smiler Klingsheim.
Dessutan vert det endå ein flott utsiktsplass for både tilsette og pasientar.
- Her på framsida skal me byggja terrasse. Sjå den utsikta. Dette blir kjempeflott, seier Klingsheim og ser stolt utover Skeisosen nedanfor.