Terje Søviknes er innstilt på å fullføra fire nye år i ordførar-stolen i Os.
Terje Søviknes er innstilt på å fullføra fire nye år i ordførar-stolen i Os.

- Mitt fokus er på Os

Terje Søviknes avvisar at han er aktuell for ein ministerpost i regjerninga. - Dette er berre lause rykte, kommenterer ordføraren.

I rikspressa er Os-ordføraren den siste tida dregen fram som ein svært heit kandidat til ein ministerpost i regjeringa. Ifølgje Søviknes finst det per dags dato ikkje noko hald i desse rykta.

- Eg veldig glad for å få kunna halda fram som ordførar i Os, og gler meg til å ta fatt på ein ny periode. Eg har heilt ærleg ingen planar om å flytta på meg og tre inn i rikspolitikken. Mitt fokus er på Os, seier Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at han trur sentralstyret i partiet også set pris på at han blir der han er.

- Frp har mista ein del ordførarar i det siste, og dermed auker verdien av å halda på dei me har, seier Søviknes.

Slett handverk

Dei største oppslaga om at han no er på veg til rikspolitikken oppstod då han for kort tid tilbake vikarierte for landbruksminister Sylvi Listhaug i ein landbruksdebatt. Dagen etter antyda fleire aviser at Søviknes var nær å ta over denne ministerposten.

- Eg tenkjer at slikt journalistarbeid er slett handverk. Det er gjetting og synsing utan særleg rot i verkelegheita. Eg var stand-in for Listhaug. Korkje meir eller mindre, seier Søviknes.

Komande torsdag reiser han på sentralstyremøte for Frp. På programmet står evaluering av valet, og regjeringsdeltakinga.

- Hovudpunktet er å evaluera valet, men det er heilt i tråd med planen at me no når det er gått to av fire år, også ser på og evaluerer regjeringsdeltakinga.

- Og dersom det skulle dukka opp spørsmål om du vil vera med. Kva då?

- Ja, om det skulle skje, så får eg sjå på det. Eg har sagt før at eg ikkje lukkar døra for noko, men det tydar altså ikkje at eg går rundt og planlegg flytting til Oslo, humrar Søviknes.