Politiet utelukkar ikkje at det er såkalla mobil vinningskriminalitet dei står overfor i saka kring innbrotet på Joker-butikken på Søfteland natt ti tysdag.
Politiet utelukkar ikkje at det er såkalla mobil vinningskriminalitet dei står overfor i saka kring innbrotet på Joker-butikken på Søfteland natt ti tysdag.

Mistenkte sjekka ut av saka

Mannen som var mistenkt for innbrotet på Joker er lauslaten. Politiet undersøkjer no om det kan vera mobil vinningskriminalitet dei står overfor.

Os lensmannskontor har sjekka mannen som vart avhøyrt i samband med innbrotet på Joker-butikken på Søfteland ut av saka. Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen er sparsam med å seia kvifor.

- Eg trur me skal nøya oss med å konstatera at han ikkje lenger er mistenkt i saka. No undersøkjer me andre moglege gjerningsmenn, seier Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Får hjelp

Polititførstebetjenten fortel at dei har kopla inn MVK-gruppa i Bergen.

- Dette er ei gruppe som har spesialisert seg på å følgja mobile vinningskriminelle i Noreg. I første rekkje ser me på om innbrotet på Søfteland kan ha samanheng med mange andre liknande på Vestlandet den siste tida, seier Hadler-Olsen.

- Innbrotet på Joker-butikken på Søfteland var det tiande på like mange år. Går det ann å seia noko om kvifor?

- Nei, det er ikkje så lett. Me kan tenkja oss at det kan ha noko med at dei har «Post i butikk», og me kan tenkja oss at det har noko med beliggenheit å gjera, men alt i alt vert dette berre spekulasjonar. Tjuvane er nok dei som kan svara best på dette, seier Hadler-Olsen.