Mistenkte rus - fekk rett
- Vi fekk inn ei melding om ein mann som oppførte seg rart i Eikelandsosen måndag. Meldar meinte at han kunne vera rusa, og tok kontakt då mannen sette seg i bilen, seier politibetjent i Fusa, Kvinnesland.
Patruljen rykka ut og fekk stoppa mannen, som er i 30-åra.
- Han blåste til såkalla lågpromille. Det vil seia over grensa, men likevel relativt låg promille. Vi tok han med til legevakta for utvida sjekk, seier Kvinnesland.