Mistenkte for båtpromille

Laurdag ettermiddag vart to personar pågripen av politiet i Fusa. Personane er mistenkte for å ha køyrt båt i rusa tilstand.

Hendinga fann stad ved Ølve i Kvinnherad.

- Personane vart tekne med til lege for å ta blodprøve, opplyser politioverbetjent ved Fusa lensmannskontor, Ove Ivarhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Same natt gjennomførte politiet i Fusa ein promillekontroll i Kilen. 15 bilførarar vart kontrollerte.

- Alle var edru, og alle hadde med seg førarkortet, fortel Ivarhus.

Like bra gjekk det ikkje for hjorten som vart påkøyrd på Holdhus litt seinare.

- Då den første meldinga kom, fekk me beskjed om at det var liv i hjorten, men då patruljen kom til staden, var hjorten død, opplyser politioverbetjenten.

Vegtrafikksentralen fekk i oppgåve å ta seg av det døde hjortedyret.