Margrethe Søreide har venta mange timar til saman her på Os terminal. (Begge
Margrethe Søreide har venta mange timar til saman her på Os terminal. (Begge

Mistar bussen med få sekund

14.28-bussen frå Eikelandsosen korresponderer ikkje med rute 601 frå Os til Drange. Det betyr ein time lenger dagleg heimveg for Margrethe Søreide (17).Anne Marie Aarøen Vangsnes

Margrethe Søreide bur med familien i Søvikåsen. Som elev på formgjevingsfag ved Fusa vidaregåande, pendlar ho dagleg til Eikelandsosen.

Etter skuleslutt tek ho 14.28-bussen til Os der ho byter til rute 601 til Drange.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medan bussen frå Hatvik skal vera framme i Os kl. 15.22, går bussen til Drange, i fylgje ruta, frå Os kl. 15.16,

- Svært ofte svingar bussen inn på terminalen idet bussen til Drange køyrer. Dermed lyt Margrethe venta ein heil time på neste buss, eller sitja på med meg når eg er ferdig på jobb, seier mamma Katharina Søreide oppgitt.

Ho skjønar ikkje kvifor Drange-bussen ikkje korresponderer.

- Det er greitt nok at vi bur på landet, men at Margrethe må venta ein time på bussen er unødvendig og irriterande, seier mor Katharina Søreide.
- Det er greitt nok at vi bur på landet, men at Margrethe må venta ein time på bussen er unødvendig og irriterande, seier mor Katharina Søreide.

- Andre bussar vert ståande og venta på desse elevane, men med Drange-bussen ser alt ut til å handla om sjåførane sin dagsform. Det er utruleg irriterande for både henne og oss, sukkar ho.

Problem for fleire?

Søreide har vore i kontakt med Skyss om saka, som har svart at dei skal sjå på det neste gong dei set opp ruta.

- Vi treng ikkje nye ruter. Kor vanskeleg kan det vera å berre la to bussruter korrespondera? Det er berre snakk om å venta eit par minutt ekstra, seier Søreide som også trur problemstillinga kan gjelda andre osingar som pendlar til Fusa vidaregåande.

- Bussen frå Hatvik er stappfull av elevar, og mange skal sikkert vidare frå Os til bygdene rundt omkring, seier ho.

Skyss lovar endring

Når Os & Fusaposten kontaktar Skyss, uttrykkjer dei forståing for Margrethes kronglete skuleveg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Turen frå Fusa til Drange er ei svært lang skulereise med fleire ledd. Vi forstår at det er uheldig om eleven får endå lengre ventetid på vegen heim, seier kommunikasjonsrådgjevar Ingrid Dreyer.

- Er det ikkje relativt enkelt å gjera 601-avgangen frå Os til Drange om til ei korresponderande rute?

- I utgangspunktet ynskjer vi å unngå for mange faste korrespondansar i rutetilbodet, seier Dreyer som peikar på at korresponderande ruter er sårbare for avvik. Når fleire turar vert knytte saman og vert avhengige av kvarandre, blir det nemleg fleire «dominobrikker» som fell når ein avgang blir forseinka.

- Men i dette særskilte høvet skal vi likevel sjå om det lét seg gjera å oppretta ein korrespondanse. Det vil likevel ta noko tid før ei slik fast knyting kan vera på plass, seier Dreyer.

Katharina Søreide er glad for signala frå Skyss om korrespondanse, men meiner likevel det må kunne gå an for bussen å korrespondera alt no.

- Det er berre snakk om nokre minutt. Då må det gå an at bussen ventar på passsjerane fram til ein får endra rutene, seier ho.