Mista lappen og måtte i fengsel
Ein osing i 30-åra vart fråteken førarretten i fire år og fekk ein månads fengselsstraff etter å ha køyrt bil med 1,6 i promille.
Sist fredag behandla Nordhordland tingrett saka mot osingen. Bakgrunnen var eit trafikkuhell forårsaka av mannen ved Hetleflót i mai i fjor. Dette skjedde rundt kl 9 ein sundags morgon, og mannen vart teken med for blodprøve. Kl 10.30 viste denne ein promille på 1,6. Den tillatne grensa i Noreg er på 0,2 promille.
- Eit lukketreff at ingen vart skadde
Grensa for fengselsstraff går ved promille på over 1,2. Ved promille på over 1,5 aukar risikoen for ulukker, og fengselsstraffa skal difor vera på rundt ein månad.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var eit lukketreff at køyringa ikkje medførte personskadar, heiter det frå domslutninga.
Mannen er også dømt for same forholdet ein gong tidlegare.
Osingen vart dømt til 27 dagar i fengsel, ei bot på 15.000 kroner og tap av førarretten i fire år.