Mista førarkortet på staden
Fotgjengaren i 70-åra skal ha blitt kasta gjennom lufta.
Like etter klokka 13 søndag, vart ein fotgjengar påkøyrd i eit overgangsfelt ved Undino-rundkøyringa i Os sentrum.
Mannen i 70-åra vart køyrd ti Haukeland universitetssjukehus. Skadeomfanget er ukjend.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var ei kvinne i slutten av 60-åra som sat bak rattet i bilen som trefte fotgjengaren.
— Vi har oppretta sak og føraren fekk førarkortet sitt beslaglagt på staden, opplyser fagleiar Atle Birkeland ved Bjørnafjorden politistasjon.