Minister opnar PostNords nye terminal i Lyseparken
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård får med seg to opningar måndag.
Kl 12 er ministeren med på opninga av Rådal-Svegatjørn. Då kjem han direkte frå opninga av PostNords nye terminal i Lyseparken.
Terminalen vert omtalt som «Nordens mest moderne distribusjons- og sorteringsanlegg, tilrettelagt for monaleg distribusjon av pakkar og gods for heile Vestland fylke».
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kapasiteten er handtering av 5.400 pakkar i timen. I arbeidet med å utvikla bygget er det lagt stor vekt på miljøvenlege løysingar som gjev lågt utslepp, både for drifta av anlegget og ved å tilpassa bygget for miljøvenleg frakt til og frå, opplyser administrerande direktør Robin Olsen i ei pressemelding.
Ordførar Trine Lindborg vil også vera tilstades under opninga av terminalbygget.