Minister kjem til Er-An i kveld
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen kjem til Er-An Vegkro i ettermiddag, onsdag, for å snakka E39 og bompengar, blant anna.
Han skal også få smaka på Route E39-burgeren til vegkroa.
I dag er det i tillegg den store Amcar- og MC-dagen på Er-An, og det er sett opp festivaltelt i høve treffet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Inne er det reservert til Hordaland Høgre og Frp, i samband med besøket frå samferdsleministeren.