Ein bebuar i Os veit enno ikkje at han vann i overkant av fire millionar kroner onsdag kveld.
Ein bebuar i Os veit enno ikkje at han vann i overkant av fire millionar kroner onsdag kveld.

Millionær utan å vita det

Ein osing i 60 åra er framleis lukkeleg/ulukkeleg uvitande om at han vann fire millionar kroner onsdag.

Norsk Tipping har prøvd å koma i kontakt med mannen i 60-åra heile torsdag føremiddag utan å lukkast.

- Trekninga var seint onsdag kveld, så me venta til i morges. Sidan då har me ringd og ringd utan å få fatt i han, fortel treknigsredaktør i Norsk Tipping, Atle Onsrud Enesen til Os og Fusaposten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spelte over nettet

Han seier det kan vera mange grunnar til at mannen ikkje tek telefonen.

- Han kan svært gjerne vera på ferie. Han spelte i alle høve alt på fredag. Vinnar-rekkja hans vart utfylt på nettet, fortel Enesen.

Om folk skulle uroa seg for mannens gevinst, så skal dei ikkje gjera det.

- Alt er i orden. Han får pengane på konto om me får fatt i han eller ikkje. Det var no berre for å få gratulert han og førebudd han på den hyggjelege julepresangen, avsluttar Enesen.