Miljøpartiet dei Grøne blir å sjå i formannskapet framover, her representert ved Nils-Anders Nøttseter.
Miljøpartiet dei Grøne blir å sjå i formannskapet framover, her representert ved Nils-Anders Nøttseter.

Miljøpartiet inn i formannskapet

Eit valteknisk samarbeid mellom partia TvS, Sp og MDG gjev sistnemnde parti eit sete i kommunens økonomiske utval.

Den politiske samtalen i formannskapet ligg an til å bli grønare framover. I ei pressemelding sendt ut i kveld går det fram at miljøpartiet har forhandla seg fram til representasjon i formannskapet . 

 

Artikkelen held fram under annonsen.

TvS held fram i Pbu

Dei tre partia er ikkje store nok på eiga hand til å oppnå representasjon i nimannsutvala i kommunen, og må difor samarbeida. 

TvS på si side får halda fram med det som vert kalla "det gode opposisjonsarbeidet" i plan- og bygningsutvalet.

Senterpartiet får på si side tenesteutvalet. 

 

 

Pressemeldinga

Tverrpolitisk Samlingsliste, Miljøpartiet Dei Grøne og Senterpartiet har funne saman i eit valteknisk samarbeid etter kommunevalet 14. september. 

 

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Eit viktig moment i dette arbeidet har vore at ingen parti skal stå utanfor utan ein fast utvalsplass.

 

 

 

Vi er einige om at TvS skal fortsetje det gode opposisjonsarbeidet i plan- og bygningsutvalet, MDG går inn i formannskapet og SP får no fast plass i tenesteutvalet.