Kanondag: Det blir dessverre ikkje fleire slike kanondagar for Henrik Tysse Sperrevik og andre her på Vestlandet denne påsken. I staden må unge Sperrevik førebu seg på lokaloppgjer mot Lysekloster i regn måndag ettermiddag.

Meteorologen: — Blir lenge til neste gong de får ein kanondag som denne

Sol frå skyfri himmel prega heile landet på påskeaftan, men alt i morgon kjem regnet og utover veka blir det dessverre grått.

— Eg håpar alle nyt denne dagen. Store delar av landet har strålande vêr og det er rett og slett god, gamaldags påskestemning over alt, kvitrar meteorolog Pernille Borander.

Ho melder om nærare 13 gradar på Florida i Bergen og nær vindstille.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Men med så fint vêr, korleis kan det då snu så fort?

— Det gjer dessverre av og til det. Høgtrykket på Vestlandet no trekkjer nordaustover og inn kjem det «vanlege» lågtrykket frå vest. Dermed blir det grått og overskya alt frå i morgon (søndag). Ut på kvelden kjem regnet, seier Borander.

Ikkje sol i sikte

Ho omtalar dei neste dagane i Bjørnafjorden som grå og våt.

— Det blir ikkje full skur, men regn med regn. Spesielt i starten av veka blir det litt vått. Det vert litt opphald utover i veka, men særleg sol er det ikkje å skimta i våre analysar, seier ho.

— Når ser me sola att, då?

— Vanskeleg å seia, men det blir lenge til ei like fin dag for dykk på Vestlandet. I vårt tidagarsprogram kan eg faktisk ikkje sjå noko teikn til sol. Me får håpa det snur om ikkje så alt for lenge, trøyster meteorologen.

— Kva me dei som skal heim frå påskefjellet?

— Me har sendt ut nokre farevarslingar for snøfokk på ein del av fjellovergangane. Det vil koma ein del snø, og ettersom det er mange som skal heim til same tid, kan det skapa litt trøbbel. Generelt sett vil me råda folk til å reisa heim litt tidleg på måndag, eventuelt på søndag, seier meteorologen.