Fekk melding om mogleg brann i Stølsvegen
Det er andre meldinga på rad i dag.
Klokka 13.23 melde 110 Vest på X om mogleg brann i ein bygning Stølsvegen nær Os sentrum.
Det viste seg å ikkje vera bygningsbrann, men derimot eit bål i ein hage.
Artikkelen held fram under annonsen.
Varabrannsjef Erik Walden seier det heile er heilt udramatisk.
— Men når vinden bles som no, der det kjem tjukk røyk ned mot bygningane, kan det opplevast skummelt.
Han rår folk som skal brenna hageavfall til å tenkja etter kva veg vinden bles, og ved behov melda frå til naboar.
Den andre meldinga kom tidlegare i dag frå Lepsøyvegen.
— Vi rykte ut, men fann ikkje ut kor det var hen. I ettertid har vi forstått at også det var bålbrenning i ein hage, seier Walden.