Torever: Slik såg det ut under eit tidlegar uvêr.

Meldt gult farevarsel og mykje torevêr: No er vi i gang

Klokka 9.43 kom det fyrste lynglimtet. Det kan bli meir av denslags i dag.

I skrivande stund melder yr.no at det pågår mykje lyn og torevêr i ytre strøk av Rogaland og Hordaland. Det er sendt ut gult farevarsel.

Torevêret er venta å halda fram til i ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er store skilnader i intensitet, og nokre stader vil ikkje merka noko.

Og ja, samtidig skal det hølja ned.

Lyn: Denne skjermdumpen vart teken klokka 9.45 i dag.

Meteorologisk Institutts råd til oss alle er å halda seg oppdatert på vêrvarslinga, og kopla frå elektriske apparat ved behov.

Du kan fylgja med på lynnedslag i sanntid her.

Er du ute på vegen, tilpass farten etter forholda.

Er du på fjellet eller ute i friluft, søk ly. Unngå opne sletter og store tre.

Det siste rådet her er kanskje overflødig, men ikkje legg på sym eller bad.