Meldt for tjuveri

Halhjem: Ein utanlandsk sjåfør i 40-åra vart tysdag ettermiddag stansa på Halhjem ferjekai mistenkt for tjuveri.

- Me vart varsla av ein medpassasjer på ferja. Vedkomande melde om at den utanlandske mannen hadde stole noko av ham før dei køyrde om bord i ferja frå Sandvikvåg til Stord, fortel overpolitibetjent, Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Med politiets bistand fekk den fråstolne mannen tingene sine tilbake. Den utanlandske mannen er no meldt for forhaldet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fann hasj

Etter løyve frå politiadvokat utførte betjenter frå Os lensmannskontor ein husransaking i ein bustad i Os tysdag ettermiddag. Her fann politiet mindre mengder hasj.

Ein 19 år gamal mann er no meldt for bruk og oppbevaring av narkotika.