Melding om røykutvikling: Det skal vera snakk om røykutvikling frå eit lagerrom.

Melding om røykutvikling frå eit lagerrom

Brannvesenet er framme på staden.

På Twitter opplyser Vest politidistrikt at det skal vera røykutvikling frå eit lagerrom i underetasjen på Bjørnafjorden hotell ved Hatvikvegen.

Alle personar er ute av bygget og gjort greie for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje opplyst om personskadar.

Naudetatar er på staden.

Vidare skriv politiet at det skal ha vore 16 personar på hotellet, og at ein har kontroll på samtlege. Det skal ha kome røyk frå eit sikringsskap.