Melding om mann over bord viste seg å vera mann på fisketur
Reagerte ikkje på signal frå redningsmannskap.
Kort tid etter klokka 22 måndag kveld, kom det inn ei melding om mogleg mann over bord i Bjørnafjorden i nærleiken av Raudholmane.
Politiet og brannvesenet var i aksjon, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det viste seg å vera ein mann i 30-åra som var ute og prøvde fiskelukka. Han hadde headset på. Det var årsaka til at han ikkje reagerte på signal frå redningsmannskap, skriv Lyssand i ein e-post.
Fiskaren skal også ha hatt på seg hovudlykt.
— Eit læringspunkt her, er ikkje å dra ut på sjøen med headset og hovudlykt på, i tilfelle noko går gale og ein vender seg bort frå omverda, skriv Lyssand.