Rykte ut: Politiet har i jula vore på to oppdrag som handlar om bråk på privat adresse, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Melding om husbråk: — Det er oppretta sak på kroppskrenking

Politiet har vore på private adresser etter melding om bråk og krangling.

I ein e-post opplyser politioverbetjent Atle Birkeland at politiet i jula har rykt ut til eit par bustader etter melding om bråk.

Først skal dei ha vore i Søfteland-området vesle julaftan etter melding om krangel mellom to partar.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Partane blei skilt frå kvarandre og fekk pålegg om å halda seg borte frå kvarandre. Det er oppretta sak på kroppskrenking på den eine parten, skriv Birkeland.

Julaftan skal det ha vore roleg. Politioverbetjent Birkeland opplyser i alle fall ikkje om oppdrag denne dagen. Det same gjeld første juledag, men natt til i dag, skal det ha kome inn ei melding om bråk på ei adresse i Os-området.

— Det var ei ny melding om bråk på ei anna privat adresse. Også her blei partane skilt frå kvarandre og det er oppretta sak på kroppskrenking, skriv Birkeland.