Melder om trafikkulukke på Holdhus: Bil skal ha hamna på taket
Brannvesenet melde like før kl 24 fredag om ulukke på Holdhusvegen.
Éin bil var involvert i ulukka. I følgje vitne skal bilen ha lege på taket. Det var éin person i bilen.
Både brann, politi og ambulanse kom til ulukkesstaden. Bilen låg i vegbanen. Føraren skal ha vore fastklemt, men vart tatt ut av bilen og blei tatt hand om av helse. Skadeomfanget er ukjend.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kl 5 i natt melde politiet at dei var ferdig på staden, og stadfesta at føraren vart frakta til sjukehus med luftambulanse. Vedkomande var medvitslaus.