Barnehageeigar har saman med tilsette lagt fram ulike tiltaksplanar for korleis dei vil arbeida med omdømebygging for «å sikra at det vert gjenoppretta tillit både internt og eksternt».
Barnehageeigar har saman med tilsette lagt fram ulike tiltaksplanar for korleis dei vil arbeida med omdømebygging for «å sikra at det vert gjenoppretta tillit både internt og eksternt».

Melder om positiv energi og færre vikarar: - Kommunen har lukka avvika i Borgafjell barnehage

Sjølv om fleire tilsette har sagt opp og tal barn er redusert, så opplever tilsynsteamet ein positiv energi i barnehagen, heiter det i fersk rapport.

- Informasjonsflyten vert omtalt som positiv og god, stabilitet i det pedagogiske arbeidet vert framheva og redusert vikarbruk grunna stabilitet i personalgruppa er verdsatt hos alle partar, vert det konkludert.

- Aktiv og inkluderande

Som skissert i ein tilsynsrapport frå mars i år ville Os kommune vurdere nytt tilsyn på bakgrunn av tidlegare tilsynssak og "dens art og kompleksitet". Barnehageeigar takka i vår også ja til Os kommune sitt tilbod om rettleiing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tema for hausten tilsyn var barnehageeigaren sitt ansvar, styrarens rolle og barnehagen sitt øvrige personale. Herunder har tilsynet gått i djupna på barnehageeigar sitt ansvar for å drive verksemda i samsvar med gjeldande lov og regelverk og at barnehagen skal ha ei forsvarleg pedagogisk leiing med godkjent utdanning.

I den ferske rapporten heiter det at «barnehageeigar i møte med Os kommune viser ei synleg og aktiv haldning til å møta både føresette og tilsette på ein aktiv og inkluderande måte».

Barnehagen har lagt fram tiltaksplanar som synleggjer og dokumenterer det pedagogiske arbeidet og planar for å betra interne kommunikasjons- og informasjonsrutinar.

Betre dialog

Barnehageeigaren, tilsette og foreldrerepresentantar viser også til ei vidare satsing på dialog med tilsette og føresette.

- Styrar vil leggja til rette for hyppigare deling av informajon via e-post og utvida bruk av SMS og oppslag i garderoben. Det vert lagt opp til tett og inkluderande foreldresamarbeid gjennom året, står det i rapporten der det også vert oplyst at det er gjennomført foreldremøte med godt oppmøte og at namn på representantar i SU vil bli ettersendt.

Os kommune vil følgja opp resultata i ei anonym medarbeidarundersøking som er gjennomført for å finna ut korleis dei tilsette har det i dag.

Gjenoppretta tillit

Barnehageeigar har saman med tilsette lagt fram ulike tiltaksplanar for korleis dei vil arbeida med omdømebygging for «å sikra at det vert gjenoppretta tillit både internt og eksternt».

Sjukefråværet har ifølgje rapporten stabilisert seg og vikarbruken er redusert til eit reelt nivå.

Artikkelen held fram under annonsen.

- På bakgrunn av kommunen sine undersøkingar og vurderingar konkluderer vi med at brot på §7 er lukka, står det i rapporten.

Sjølv om fleire tilsette har sagt opp og tal barn er redusert, melder tilsynsteamet at dei opplever ein positiv energi i barnehagen.

- Informasjonsflyten vert omtalt som positiv og god, stabilitet i det pedagogiske arbeidet vert framheva og redusert vikarbruk grunna stabilitet i personalgruppa er verdsatt hos alle partar.

Har forsvarleg leiing

Borgafjell barnehage har ei forsvarleg pedagogisk og administrativ leiing, konkluderer rapporten vidare.

- Styrar vart tilsett august 2018 og har godkjent formell kompetanse. Ho viser ei aktiv og inkluderande haldning til oppgåva. Ho vil saman med barnehageeigar, tilsette, føresette og born fokusera på å sjå framover gjennom å vera synleg i det pedagogiske arbeidet og tilstades på avdelingane.

Tidlegare utfordringar knytt til høgt sjukefråvær ser ut til å ha stabilisert seg, men både «styreleiar, styrar, tilsette og foreldrerepresentar vil følgja opp og vere tett på i vidare arbeid».

- Kjente vikarar vert nytta ved behov, og framlagte rapportar syner at sjukefråvær og vikarbruk i barnehagen er redusert.

Oversikt over tal tilsette og tal barn syner ifølgje rapporten at bemanninga i Borgafjell barnehage skal vera tilstrekkeleg til å kunna drive ei forsvarleg pedagogisk verksemd.

Artikkelen held fram under annonsen.

jostein@osogfusa.no