Varsel: NVE har sendt ut varsel om fare for jord-, sørpe- og flaumskred på Vestlandet.

Melder om moderat fare for jordskred på Vestlandet

– Tette vassvegar med oppdemma vatn kan forårsaka skred.

NVE har sendt ut varsel om fare for jord-, sørpe- og flaumskred på Vestlandet. Utsette bane- og vegstrekningar kan bli stengt.

Faren for såkalla sørpeskred gjeld særleg i område med meir enn 50 cm snø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette.

Relativt høge temperaturar og mykje vind fører til stor snøsmelting.

NVE tilrår at ein held seg oppdatert på utviklinga av vêret og skred- og flaumsituasjonen.

– Hald deg unna bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring. Hald stikkrenner, kummer og andre vassvegar fri for snø/is, grus, søppel, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemma vatn kan forårsaka skred, vert det påpeika.