Melder om litt av kvart på vêrfronten framover. Slik ser nyttårsaftan ut
Meteorologen kan melda om litt av kvart på vêrfronten framover.
Ein titt ut vindauget i dag byr på grått vêr, med innslag av nedbør i form av regn. Men heldigvis for alle fyrverkeri-entusiastar, ber vêrmeldinga bod om gode forhold natt til 1. januar 2022.
Håp om klar himmel
Utover morgondagen dreier nemleg vinden, og vi får ein nordavind som kan klarna opp himmelen. Ved midnatt, og i starten på nyåret, vil det vera gode moglegheiter for klarvêr og lite vind. På det meste kan det verta ein nordleg, frisk bris, melder statsmeteorolog Magni Svanevik frå vêrvarslinga i Bergen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nordavinden har med seg litt lågare temperaturar enn i dag, ned mot null natt til laurdag, legg ho til.
Ein start med litt av kvart
Når 2022 startar for fullt, får vi meir vekslande vêr.
– Fyrste del av året har litt av kvart; både varmt vêr og regn, og kjølig vêr og vind, fortel Svanevik.
– På laurdagen, fyrste januar, kjem eit nytt lågtrykk inn. Fyrste del ser bra ut, men så vil vinden auka, ut mot kysten kan det bli opp i stiv kuling. Mot kvelden vil vi få høgare temperaturar igjen og nedbør som regn. Den vêrtypen vil halda fram utover søndagen og måndagen.
På tysdag, den fjerde dagen i det nye året, kjem nordavinden tilbake og gir stort sett opphaldsvêr og kaldare temperaturar. Viss det kjem noko nedbør, vert det eventuelt ut mot kysten, og då i form av sludd eller snø, avsluttar statsmeteorologen.