Melder om gladsak etter kontroll på Halhjemsvegen
Det har dei siste månadene hagla bøter i samband med fartskontrollar på Halhjemsvegen.
Utrykkingspolitiet (UP) har vore svært synlege i området frå Skogafjellstunnelen retning Halhjem den siste tida. Så ofte har dei vore her, at det nesten har vore meir oppsiktsvekkjande dei dagane UP ikkje har vore på plass.
Torsdag ettermiddag melde Vest politidistrikt på Twitter om at UP hadde gjennomført fartskontroll på Halhjemsvegen i 70-sona.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Gladsak! Ingen reaksjonar, skriv politiet.
I ein e-post opplyser politioverbetjent at UP kontrollerte trafikken i ein time.
Det var ikkje den einaste kontrollen UP gjennomførte torsdag. Dei var også på plass på Byvegen, ved Storestraumen, opplyser Birkeland.
Her var det meir å hengja fingrane i.
— To forenkla førelegg grunna fart. Høgaste fart blei måla til 89 km/t i 70-sona. Ein førar fekk gebyr då han ikkje brukte bilbelte, skriv Birkeland.