Viste fram kniv: Politiet rykte ut etter at det kom inn melding om ein ung gut som viste fram kniv i nærleiken av Os sentrum.

Melde frå til politiet då ung gut tok opp kniv frå ein bag

Onsdag kveld blei politiet kontakta av eit vitne, då ein gut i tenåra skal ha vist fram ein kniv i Os sentrum.

Meldinga kom inn i 18.40-tida onsdag kveld. Det opplyser politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.

Ein gut skal ha løfta opp ein kniv frå ein bag og vist denne fram for to andre ungdomar.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er ikkje snakk om truslar. Kniven skal ha blitt vist fram og så lagt tilbake i bagen. Politiet rykte ut, og fann att guten som hadde gått frå staden, fortel Lyssand.

Guten blei innhenta og gjorde ingen motstand mot politiet.

Lyssand opplyser om at “framvisinga” av kniven skjedde i samband med sal av “vape”.

Alle dei tre gutane som var på staden er i tenåra.

— Den eine ungdomen følgde ikkje politiet sine meldingar, ville ikkje oppgje personalia og var ufin mot politipatruljen. Politiet noterte seg identiteten til alle involverte og oppretta sak, fortel Lyssand.