Meir regn og vind utover juledagane
- Dersom de skal ut å gå på ettermiddagen på julaftan må de kle dykk godt, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.
Utsiktene for julaftan og første og andre juledag er ikkje dei beste i Os og Fusa. Ifølgje vakthavande ved Meteorologisk institutt i Bergen, Geir Ottar Fagerlid, vil nedbøren auka på utover på julaftan. I tillegg vil det bli ein god del vind.
- Utover dagen i dag vil vinden auka på, og me vil nok få ein god del nedbør både i Os og Fusa. Utover på julaftan vil det bli, dessverre, kanskje endå meir guffent med til dels sterk vind, spesielt mot kysten og ein god del nedbør, seier Fagerlid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han legg til at det truleg vil regna meir og meir utover på julaftan.
- Dersom ein skal ut å gå på julaftan, bør ein kle seg godt. På føremiddagen vert det mindre regnbyer, medan det utover dagen vil koma til dels store mengder. Kanskje bortimot 20 mm, seier meteorologen.
Grisevêr og liten storm
1. juledag blir ifølgje Fagerlid ikkje særleg betre.
- Nei, dessverre. Etter det me kan sjå her, vil 1. juledag heller tvert imot bli endå meir guffen. Då får me tidleg kraftig vind frå vest, og mot kysten vert det opp mot liten storm, seier Fagerlid.
Når me kjem til 2. juledag, er han langt meir optimistisk.
- For de i Os og Fusa vert dette truleg ein ganske fin dag. Då er det meldt kaldt vêr og opphald. Då får de unna dykk ein god spasertur, seier Fagerlid.
Han legg likevel til at paraplyen kanskje må fram igjen mot slutten av dagen.
- Ja, ut mot kvelden kan det koma nedbør igjen. Kanskje til og med sludd, avsluttar Fagerlid.