Meir ferjetrøbbel for Torghatten
Også fredag er det redusert kapasitet, og kanselleringar på ferjesambandet Halhjem–Sandvikvåg.
1. januar overtok Torghatten Nord drifta av Halhjem-Sandvikvåg etter Fjord 1.
Dagen etter oppstod det tekniske problem som førte til kanselleringar både onsdag og torsdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fredag er ytterlegare fire avgangar innstilte. Frå Halhjem klokka 10.10 og 15.10, frå Sandvikvåg klokka 11.00 og 16.00.
Tidlegare fredag kom det melding om at også avgangen frå Sandvikvåg klokka 12.40 er kansellert, men denne skal no gå som normalt, ifølgje Vegtrafikksentralen.
Klare til slutten av månaden?
Torghatten vann anbodet på ferjesambanet i 2016. Planen var å trafikkera sambandet med fem nybygde, miljøvenlege gasselektriske hybridferjer, såkalla LNG.
Men ifølgje Sysla.no vart det alt i oktober klart at leveransen av desse frå skipsverftet i Tyrkia, ville bli forseinka.
Torsdag sa administrerande direktør i Torghatten Nord, Torkild Torkildsen, til Os og Fusaposten, at vona er at dei nye ferjene skal vera på plass i slutten av januar.
camilla.kvamme@osogfusa.no