Meir enn 30 elevar og tre lærarar i karantene
Ein elev på 10. trinn ved Os ungdomsskule har fått påvist covid-19.
Det opplyser kommunen fredag kveld.
– Som følgje av dette er eit trettitals elevar og tre lærarar på trinnet i karantene, vert det opplyst.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Alle som er nærkontaktar ved skulen har fått beskjed. Smittevegen er kjend, og frå ein annan kommune, skriv kommunen på sine heimesider.
Elevane har fått beskjed om å testa seg å snart som mogleg, og på nytt 1. september (dag 7 for smitteeksponering). Ved negativ test på dag 7, kan elevane gå ut av karantenen.
– Karantenen gjeld berre nærkontaktar, og ikkje deira husstandsmedlemmer.
Skulen opplyser at dei vil koma attende med informasjon om korleis undervisninga vil føregå i karanteperioden.
Oppdatert kl 23.39: Det vart fyrst opplyst at dei tre lærarane hadde fått to vaksinedosar. Dette stemte ikkje. Artikkelen vart oppdatert kl 23.39.