Meir enn 21.000 kontakta legevakta
2015 vart eit nytt rekordår for Os og Samnanger legevakt. No seier fung. leiar, Terese Bodin-Hetland, at dei treng fleire hender.
Medan 18.000 kontakta Os og Samnanger legevakt i 2014, var talet 21.000 i 2015.
- Dei få dagane som er gått av 2016 ser me at veksten held fram, seier Terese Bodin-Hetland. Ho er vikar for Siri-Linn Schmidt Fotland som administrativ leiar ved legevakten. Legevakten sørvar også Fusa og Austevoll som legevaktsentral.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire oppgåver
Årsaka til veksten er truleg samansett. Folkevekst i Os kan forklara noko, men Bodin-Hetland seier at veksten ikkje kan forklarast av dette åleine.
- Noko av forklaringa ligg truleg i innføringa av nytt naudnett. Me får vita om fleire hendingar gjennom dette. Ei ny akuttmedisinsk forskrift gjev oss også større ansvar. Dersom nokon til dømes kontaktar oss frå Austevoll må me både vurdera situasjonen, varsla vidare, også til first responder dersom naudsynt, seier Bodin-Hetland.
Travelt for dei tilsette
Under intervjuet med Terese Bodin-Hetland ringjer telefonen om ein akuttmedisinsk situasjon ein stad i Os. Dei er som vanleg to på jobb - ein sjukepleiar som svarer på telefonen, og Bodin-Hetland sjølv. Sjukepleiaren rykkjer ut, og med eitt er Bodin-Hetland åleine på legevakten.
- Til tider er det veldig travelt for dei tilsette. Særleg sett i lys av den veksande mengda meldingar me får, seier ho.
- Kva problem kan oppstå når de ikkje har bemanning nok?
- Det me er redde for er at me skal glippa på viktige spørsmål. Me gjer til dømes mange vurderingar over telefon. Når det er svært travelt er me redde for at me ikkje får det til - men så langt har heldigvis ikkje det skjedd, takk vere dyktige kollegaer, seier legevaktleiaren.
Dei har ved fleire høve måtta kalla inn ekstra personale på kort varsel.
- Forsvarleg og tilstrekkeleg bemanning er eit omgrep me av og til vert utfordra på, men me har organisatoriske rutinar på at dei tilsette sjølve sit med fullmakt til å auka opp bemanninga ved behov, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Brannvesenet hjelper til
Det er kommunane som har ansvar for at bemanninga ved legevakten er forsvarleg.
- Heldigvis har me brannvesenet å ty til når det ikkje er nok personale. Det er ofte god hjelp i dei fram til medisinsk-fagleg personell kjem på staden, seier Bodin-Hetland.
- I det heile vil eg seia at me har eit svært godt samarbeid med både brannvesen, ambulanse og politi, legg ho til.
Både Bodin-Hetland og einingsleiar for brann, beredskap og legevakt, Stein Gjøsund, seier at legevakt og brannvesen har hatt god nytte av samlokaliseringa som vart innført då nye beredskapsbygget opna i slutten av 2012.
- Legevakten gjer ein fantastisk jobb. Men det er også viktig å få fram det gode samarbeidet på tvers av tenestene. Når legevakten treng fleire hender, står brannvesenet i første rekkje til å hjelpa. Det betyr at pasientar som har bruk for akutt hjelp ikkje tren å venta på at helse har ledig kapasitet - dei er flinke til å spela ballen over til oss. Så me har hatt god synergieffekt av samlokaliseringa, seier Stein Gjøsund.