Meiner det ikkje er boltar som lagar trøbbel
Fylkeskommunen har vore i kontakt med entreprenøren på Lepsøysundet bru.
Tidlegare fredag føremiddag skreiv me om at bebuarar i Søre Øyane meiner at attståande boltar etter dei mobile fartsdumpane er årsaka til at fleire bilistar har punktert den siste tida.
Prosjektleiar Ellen Catharina Van Hal i Vestland fylke har fredag ettermiddag vore i kontakt med entreprenøren.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei har gått over brua no nettopp. Tilbakemeldinga frå dei er at det er ingen ting som stikk opp frå 'bruflata' ved desse fartsdumpane, fortel Van Hal og legg til:
– Det einaste dei fann var eit armeringsjern som kan vera litt skarpt. Den skaden skal reparerast no med det første.
Van Hal fortel vidare at ho har bede entreprenøren om å rydda brua jamleg for å unngå at eventuelle skarpe gjenstandar skal forårsaka skadar på køyretøy.
Bed om direkte melding
Prosjektleiar Van Hal har også lese kommentarane på Facebook-sida «Aktivt i Øyane».
– Eg las gjennom meldingane som er komne på Facebook-sida og ser at det vert referert til tre forskjellige type skadar over ein periode på tre veker. Det er ikkje sikkert det er noko spesifikt som har vore årsaka til skadane, slik eg ser det. Dei kan ha oppstått kor som helst, meiner prosjektleiaren.
Men for framtida ønskjer ho gjerne ein direkte dialog med bebuarane i Øayane.
– Eg har vore i kontakt med nokon. Eg har sagt til dei at eg gjerne vil at folk tek kontakt med meg direkte, slik at me kan løysa slike ting meir effektivt i framtida, seier Van Hal.