Dagleg leiar Edmon (t.v.) har frå før av ein Happy Time-restaurant i Bergen. Nyleg opna han Happy Time Os i Brugata.
Dagleg leiar Edmon (t.v.) har frå før av ein Happy Time-restaurant i Bergen. Nyleg opna han Happy Time Os i Brugata.

Med mål om skjenkeløyve og tapas

Den nyopna restauranten i Brugata, Happy Time, tilbyr mykje av det same som fleire andre restaurantar i Os. Men dagleg leiar, Edmon, fortel at han kanskje også skal få tapas på menyen.

- Alt kjem an på korleis det går dei neste månadane. Om det går bra, vil vi utvida lokale. Bak den veggen har vi eit ekstra rom, seier Edmond og peikar innover i lokalet.

- Der ser eg føre meg at vi kan ha bar. Samstundes vil eg då setja spansk tapas på menyen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Erfaring frå andre land

Edmon fortel at han har jobba med mat i land som Spania, Italia og Tyskland.

- Er menyen inspirert av mat du har jobba med i desse landa?

- Til dels. Vi har til dømes italiensk pizza, og som sagt kanskje tapas med tida. Eg ønskjer å tilby noko som kan fungera for nordmenn og osingar. Når eg jobba i Spania laga eg mat for spanjolar, og her i Noreg vil eg laga mat som passer for nordmenn, seier han.

Har restaurant i Bergen

Etter berre få månader i drift var det kroken på døra for Big Chef. Før dei, var det Gastronomen som måtte stenga dørene.

- Har du det som trengs for å lukkast her i Brugata?

- Eg jobbar for suksess, og tenkjer ikkje berre for pengar. Eg er oppteken av å vera "kompis" med kundane, og trur det er ein viktig del av det å lukkast, seier Edmon og held fram:

- Når eg er på restaurant med min familie, ønskjer eg at servitørane er opptekne av at barna har ei god oppleving. Korleis ein behandlar kundane har mykje å seia.

Mannen bak Happy Time har også ein restaurant i Klostergaten i Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er om lag eit år sidan eg opna restaurant der. Det går veldig bra. Alle i området der kjenner meg, seier han og smiler.

- Eg håpar det blir slik i Os også etter kvart.