Frå Skeisflaten til Lidl-lageret må fotgjengarar konkurrera med bilar og bussar.
Frå Skeisflaten til Lidl-lageret må fotgjengarar konkurrera med bilar og bussar.

Med hjartet i halsen på Ulvensletta

Fotgjengarane langs Ulvenvegen går med livet som innsats. Ny gang- og sykkelveg vil kosta 20 mill. kroner. Men Os kommune har klekt ut ein plan.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

I budsjettforslaget for 2016 har rådmann Knut Terje Rekve sett av 2 mill. kroner til gang- og sykkelveg mellom Hjorthaug og Ådnadalen. Heilt sidan Lidl-lageret vart bygt for ti år sidan har dette vore eit tema. Då vart det nemleg bygt gang- og sykkelveg frå krysset Ulvenvegen/Kolskogheiane og til Lidl-lageret, men ikkje det siste vegstrekkjet på 500 meter frå Lidl-lageret til Skeisflaten (Irgenskrysset).

Folk går i vegbanen

- Eg har eit naivt håp om at Vegvesenet skal gje Os kommune lov til å laga ein forenkla gang- og sykkelsti her, seier prosjektleiar Tor Inge Døsen.

Han bur i området og køyrer fordi kvar dag - av og til med hjartet i halsen. Utan andre alternativ går og joggar folk i vegbanen, og fartsgrensa varierer mellom 50 og 70 km/t. Legg til mørke haustkveldar med tungt regn, og du har ikkje akkurat oppskrifta på ein god trafikal situasjon.

Like ved Irgenskrysset er vegen på sitt trongaste.
Like ved Irgenskrysset er vegen på sitt trongaste.
Hit, men ikkje lenger. Gang- og sykkelstien går fram til Ådnadalen, men stoppar deretter brått.
Hit, men ikkje lenger. Gang- og sykkelstien går fram til Ådnadalen, men stoppar deretter brått.

- Eg trur at me kan få plass ei betre løysing med ganske rimelege grep. Det ville ikkje berre blitt tryggare, men då ville me også fått samanhengande turveg rundt heile Liafjellet, seier Døsen.

Hard kamp om midlar

Men vegen er fylkesveg, og som kjent er det fylkeskommunale vegbudsjettet fylt opp til randa av vegprosjekt i dei 33 kommunane. Berre Os kommune har åtte vegar som ventar på midlar. Øvst på ønskelista tronar ny fylkesvegarm i Lyseparken, Åsen-Helleskaret til 50 mill. kroner, etterfølgt av opprusting av Hatvikvegen til 100 mill. kroner. Først på 6. plass kjem gang- og sykkelvegen på Ulvensletta, og full oppgradering er kostnadsrekna til 20 mill. kroner. Det vil truleg ta tiår før dette prosjektet når opp i konkurranse med vegprosjekt i andre kommunar. I Os kommune er det difor snakka om å laga noko enklare.

- Fylkeskommunen må jo sjå at det er betre å få på plass noko enkelt på denne strekkja, enn at me skal leva med dette i uoverskodeleg framtid, seier ordførar Terje Søviknes.

- Vegnormalane gjeld

- Samferdselsdirektør i Hordaland fylkeskommune, Håkon Rasmussen, er det ikkje betre med ein heilt enkel gang- og sykkelveg enn ingenting?

- På heilt generelt grunnlag kan eg seia at litt er betre enn ingenting. Os kommune står i prinsippet fritt til å byggja kva dei måtta ønskja. Men skal dei byggja ein gang- og sykkelveg, må dei halda seg til vegnormalane som gjeld for slike vegar, seier Rasmussen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fryktar lause massar

Rasmussen har ikkje vore spesifikt involvert i denne saka, men ordføraren kan opplysa om at Statens Vegvesens kostnadsoverslag tek høgd for omfattande masseutskifting. Delar av grunnen skal bestå av lause massar i form av leire. Vegvesenet fryktar for at vegen skal siga etter kort tid, dersom ein lagar gang- og sykkelveg utan betre fundament.

- Me meiner at det ikkje er overhengande fare for at gang- og sykkelvegen skal verta dårleg på grunn av dette. Og dersom vegen i verste fall skulle begynna å synka, er det råd å fiksa det, seier Søviknes.

Han legg til at Os kommune vil prøva å få til eit møte med Samferdsleavdelinga i fylkeskommunen med det første.

Samferdsleministeren vil ha enklare gang- og sykkelvegar

Førre veke sende samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen ei melding til KS om at regjeringa føreslår ei ny forsøksordning med nokre utvalde kommunar, for å sjå om det er mogleg å byggja gang- og sykkelvegar med noko enklare standard enn dagens krav tilseier. Dette nettopp på grunn av dei skyhøge kostnadene med å byggja gang- og sykkelveg. Enn så lenge gjeld framlegget berre riksvegar, og dei har ein ikkje mange av i Os.

- Av riksvegar har me i Os berre E39, og langsmed den har me alt gang- og sykkelveg. Men eg vil ta initiativ i Fylkestinget for å sjå om me kan få på plass ei tilsvarande ordning for fylkesvegar i Hordaland. Her har me store behov, seier ordførar Terje Søviknes.