- Mecmar treng avklaring snarast på om kaiutviding på Amundsneset er mogleg, seier dagleg leiar Ragnar Selstad.
- Mecmar treng avklaring snarast på om kaiutviding på Amundsneset er mogleg, seier dagleg leiar Ragnar Selstad.

Mecmar: Storkontraktar krev kaiutviding

Neste veke reiser Ragnar Selstad til Kina med håp om å landa storkontrakt. Det tek til å hasta å få ei avklaring på om Mecmar kan få utvida på Amundsneset.

Inovember skreiv lokalavisa om Mecmar som strevar med å få logistikken til å gå rundt på grunn av små forhold på Amundsneset, og vanskar med å få til kaiutviding. Dei har sagt at dei er nøydde å vurdera å flagga ut frå kommunen, om dei ikkje får høve til å ekspandera her.

Nytt advokatbrev

No har verksemda sendt eit nytt brev til Os kommune via advokatfirmaet Rasmussen & Broch der dei ber om fortgang i det kommunale apparatet. Det vert vist til prosjekt både i Brasil, Kina og Pakistan som krev større kaiplass i Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Mecmar er i ferd med å ferdigstilla leveringa av eksosgassystem til ein bustadrigg som er i operasjon i Brasil. Det kan alt no konkluderast med at dette har vore den mest tungvinte og kostnadsdrivande logistikkhandteringa Mecmar nokon gong har gjort. Årsaka er manglande plass til å handtera ordrevarer på eigen grunn, heiter det i brevet.

Kina og Pakistan står for tur

Trass i dette opplever Mecmar at kunden er nøgd med leveransen, og dei har fått indikasjonar på at eit tilsvarande prosjekt kan bli aktuelt for den neste riggen som er under bygging hjå verftet Cosco i Nantong i Kina.

- Det er ønskeleg at systema vert leverte så fort som råd er. Blant anna på grunn av dette reiser Ragnar Selstad til Kina i midten av januar, står det vidare.

Ein annan stor kunde som har stadfesta at det kjem ei bestilling i nær framtid er den pakistanske og algeriske marinen.

- Felles for alle desse leveransane er at Mecmar AS har planlagt containerlevering frå Sundøy. Det er difor avgjerande snarast å få avklart grunnlaget for ei løysing på Amundsneset, er konklusjonen i brevet.

Kommunen: på agendaen i januar

Ordførar og leiar for eigedomsutvalet, Terje Søviknes, seier til «Os og Fusaposten» at dette står på den kommunale agendaen i januar.

- Me avventar eit møte med fiskeriinteressene på Amundsneset. Det vil finna stad i januar, seier Søviknes.

Fiskeriinteressene det er snakk om har leigekontrakt med Os kommune fram til 2038 på eit område like nord for Mecmar sitt område på Amundsneset. Meininga då kontakten vart inngått i 1998 var at det skulle etablerast fiskerimottak der, men dette har ikkje skjedd. I staden framleiger dei no til reiaren Samba AS. Så langt har dermed ikkje Mecmar fått høve til å ekspandera i denne retninga.