- Me spøkte med at det var mammut-tenner
Forundringa var stor då maskinarbeidarane i Storumbakken torsdag kom over nokre gigantiske beinrestar. - Det kunne jo vera frå forhistoriske dyr, seier Ottar Trovåg.
Saka vart fyrst omtalt av midtsiden.no.
Trovåg var blant dei første som kom til då kollega Kåre Odland kom over beinrestane torsdag ettermiddag.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Han trudde først det var røter, men etter kvart skjønte han jo at dei var litt for rette og avlange til å vera det, fortel Trovåg.
Då dei skjønte at det var beinrestar, byrja fantasien å springa løpsk blant kollegaane.
- Me skjemta med at dei lange beina kanskje var tenna til ein gigantisk mammut. Knoklane der borte lurte me på om var frå ein tyrannosaurus, humrar Trovåg.
Etter kvart kom dei seg litt nedpå og fann ut at det truleg var snakk om beinrestar frå ein kval.
- Ikkje så reint lite utruleg, det heller, her oppe 30-40 meter over havet, seier Trovåg der han står like ved holet der beinrestane vart funne.
- Svært sjeldant og verdfullt
Funnet er gjort i samband med utvidinga av Lepsøyvegen. Arbeidet er no stoppa i påvente av naturhistorisk undersøking.
Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd stadfestar at den mest nøkterne vurderinga frå vegarbeidarane, truleg er rett.
- Sidan funnet er gjort 32 meter over havet, må det vera ein ganske høg alder på dyret som er funne. For fleire tusen år sidan var havnivået så mykje høgare enn dagens havnivå. Dei store knoklane tyder på at det må vera ein av dei store kvaltypane våre, seier Ekerhovd.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er svært sjeldant at eit funn av intakte bein frå eit så gamalt vesen vert funne.
- Sidan det er så sjeldan har det stor verdi for forskarane å få undersøkt det. Difor har me sendt ut Elizabeth Warren og John-Inge Svendsen for å undersøkja området.
Kan bli funne meir
- Er sjansen større for å finna meir når ein først har gjort eit slikt funn?
- Det kan vera ein sjanse for å finna meir. Men det kan og ha vore eit reint lykketreff. I dette tilfellet har beina vore innkapsla i leire, og difor har beina vorte bevarte, seier Ekerhovd.
Det er ikkje klart kor lenge vegarbeidet i området no blir stoppa.
- No skal me sjå bl.a. etter spor av menneske i området. I så fall vil arbeidet bli stoppa i lenger tid. Men enn så lenge ser det ut til å vera eit reint naturhistorisk funn. Då er det opp til Naturhistorisk museum å sikra seg skjelettet, før arbeidet kan ta til att.